Lindseth Kiropraktikk

Ring Nettsted Kontakt bedriften

Lindseth Kiropraktikk Kiropraktor som tilbyr pasientsentrert behandling og øvelser. Tilgjenglig på Voss og Dale.

🍂 Haustferie hjå Lindseth kiropraktikk 🍂Haustferien er her, og litt ferie blir det også på oss 🤎👩‍⚕️ Hilde jobbar som va...
05/10/2026

🍂 Haustferie hjå Lindseth kiropraktikk 🍂

Haustferien er her, og litt ferie blir det også på oss 🤎

👩‍⚕️ Hilde jobbar som vanleg denne veka, både på Dale og på Voss.

👨‍⚕️ Pål tek ferie torsdag og fredag, og me tek begge fri fredag.

Treng du ein time? Du kan enkelt bestille time på nett:

🌿 www.lindsethkiropraktikk.no

Ønskjer alle ein fin haustferie – og ei god haustveke til dykk som er på jobb 🍁

30/09/2026

No er den nye klinikken vår på bakkeplan i Skulegata 1B endeleg klar! ✨

Og me har så lyst til å seie tusen takk til alle som har hjelpt oss på vegen ❤️
Takk til Silje, dei sterke mennene som har flytta benkar, foreldre, kjærast og gode venner som har stilt opp med både store og små ting.

Me hadde ikkje fått det til utan dykk! 🥰

No gler me oss til å ta imot både gamle og nye pasientar i dei nye lokala våre. 🌿

Velkomen innom! 💚

🌿 Nye lokale på Dale– Lindseth kiropraktikkMe har flytta! 🤎No finn du oss på bakkeplan i Skulegata 1 B, Dalekvam – letta...
28/09/2026

🌿 Nye lokale på Dale– Lindseth kiropraktikk

Me har flytta! 🤎

No finn du oss på bakkeplan i Skulegata 1 B, Dalekvam – lettare tilgjengeleg og med nye, fine lokale.

Her har me fått meir plass og eit roleg og behageleg miljø, samtidig som me har beholdt det viktigaste: fagleg tryggleik og behandling tilpassa deg.

Du finn oss rett ved inngangen – sjå etter Lindseth kiropraktikk-skiltet 🤎

📍 Skulegata 1 B, 5722 Dalekvam
🚪 Bakkeplan – enkel tilgang
🌿 Velkomen inn!

Me gler oss til å ta imot både nye og gamle pasientar i dei nye lokala våre.

Velkommen skal du vera 🍁

Kiropraktor Hilde & Pål

🎉 NYE LOKALAR PÅ DALE! 🎉Me flyttar – og me gler oss skikkeleg! 🥳Me er veldig glade for å kunne fortelje at Lindseth Kiro...
10/09/2026

🎉 NYE LOKALAR PÅ DALE! 🎉

Me flyttar – og me gler oss skikkeleg! 🥳

Me er veldig glade for å kunne fortelje at Lindseth Kiropraktikk med kiropraktor Pål og Hilde får nye lokale på Dale! 💙 me flyttar rett og slett ned på bakkeplan👍🏻

Nye lokale gir oss moglegheit til å skape ein endå betre stad for deg som treng hjelp med smerter, plager eller utfordringar i muskel- og skjelettsystemet.

Som kiropraktorar undersøker me, diagnostiserer og behandlar me plager i musklar, ledd og nervesystem – og me møter menneske i alle aldrar. Behandlinga blir alltid tilpassa deg, plagene dine og det du treng.

Hos oss får du først ei grundig undersøking, der me ser på mellom anna rørsle, funksjon og muskulatur. Ved behov kan me også henvise vidare til MR, røntgen eller anna relevant utgreiing.

Målet er enkelt:
Å redusere plager, betre funksjonen og hjelpe deg til å fungere best mogleg i kvardagen. 🤍

📍 Stad: Gamle jernia butikken
Når: 1.oktober (om alt går etter planen🥳)

Me gler oss til å ønskje både gamle og nye pasientar velkomne i dei nye lokala våre på Dale! ✨

Følg med – dette blir bra! 🥰

Har du behandlingsforsikring gjennom jobben? 💙Me samarbeider med fleire forsikringsselskap som tilbyr behandlingsforsikr...
08/09/2026

Har du behandlingsforsikring gjennom jobben? 💙

Me samarbeider med fleire forsikringsselskap som tilbyr behandlingsforsikring.

Det betyr at du kan få rask tilgang til behandling dersom du får smerter eller plager som påverkar jobb eller kvardag.

Ikkje vent til plagene har blitt store.
Ved å kontakte helsepersonell tidleg kan du få ei vurdering, kome raskare i gang med tiltak og i mange tilfelle unngå at plagene utviklar seg og fører til lengre fråvær frå jobb.

👉 Har du behandlingsforsikring? Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt og sjekk kva behandling du har dekka.

Me hjelper deg gjerne vidare og samarbeider med forsikringsselskapet gjennom behandlingsforløpet.

Tidleg hjelp kan vere god førebygging – både for deg og arbeidsplassen. 🌿

Velkommen skal du vere til oss😌

Ein heilt vanleg tysdag i september 🍂September er godt i gang, kvardagen er tilbake – og på klinikken er det full aktivi...
01/09/2026

Ein heilt vanleg tysdag i september 🍂

September er godt i gang, kvardagen er tilbake – og på klinikken er det full aktivitet.

Hos oss møter vi menneske i alle aldrar og livssituasjonar:

👶 Babyar og små barn
🤰 Gravide
🏃‍♀️ Aktive og mosjonistar
💻 Personar med stillesitjande arbeid
🧓 Eldre med plager eller redusert funksjon
👷 Personar med fysisk krevjande arbeid
🛋️ Dei som har hatt vondt lenge
🚶 Dei som plutseleg har fått smerter

Me undersøker og diagnostiserer muskel- og skjelettplager, og behandlar alltid tilpassa den enkelte. Ved behov kan vi henvise til MR eller røntgen, og sjukmelde når det er nødvendig.

Målet er å finne ut kvifor du har vondt, kva som kan hjelpe, og korleis du kan fungere betre i kvardagen.

Sånn ser ein heilt vanleg tysdag ut hos oss 🤎

Kva har september så langt bydd på for deg?

☀️ Tilbake til kvardagen – men ikkje heilt ferdig med sommaren!Ferien er kanskje over for mange, og kvardagen er i gang ...
12/08/2026

☀️ Tilbake til kvardagen – men ikkje heilt ferdig med sommaren!

Ferien er kanskje over for mange, og kvardagen er i gang igjen. Barnehage, jobb, rutinar – og kanskje trening.

Etter ein sommar med litt andre rutinar enn vanleg, kan det vere godt å finne tilbake til kroppen og aktivitetane du likar. 💪🏼

Kanskje har du lyst til å starte opp igjen med trening? Eller kanskje kroppen har fått litt meir å kjenne på etter mykje stillesitting, bilturar, hagearbeid, aktivitet og late dagar?

Ta det litt gradvis. Du treng ikkje gå frå ferie til full gass på første treningsøkt. Kroppen har godt av å få tid til å tilpasse seg igjen.

Og sjølv om kvardagen er tilbake – sommaren er ikkje heilt over enno. 🌿☀️

Nyt dei lyse dagane, hald deg i aktivitet og ta vare på kroppen undervegs.

Me er tilbake på klinikkane både på Voss og Dale og er klare for kvardagen- med plass til både små og store plager. 💚

📍 Lindseth Kiropraktikk
📩 Ta gjerne kontakt dersom du treng hjelp til å kome godt i gang igjen.

Velkomen tilbake, kvardag.I morgon er det tilbake til jobb etter sommaren. Pål og eg er tilbake på Dale og Voss🕺me gler ...
02/08/2026

Velkomen tilbake, kvardag.

I morgon er det tilbake til jobb etter sommaren. Pål og eg er tilbake på Dale og Voss🕺me gler oss til å møte både nye og kjende ansikt igjen.

Overgangen frå ferie til kvardag kan kjennast litt brå. Kanskje kjenner du at tempoet aukar, kalenderen fyllest opp, og det blir mindre tid til deg sjølv.

Difor har kiropraktor Hilde lyst til å invitere deg til Haustro – ei 8 vekers reise med roleg yin yoga, eteriske oljer og djup avspenning.

Ei lita pause i kvardagen.
Ei stund der du berre kan puste, lande og vere.

🍂 Oppstart: 24. september
📍 Lindseth Kiropraktikk sine lokale i Fredheim
👥 Maks 10 deltakarar
🤎 Passar alle – også nybyrjarar.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller meld deg på via telefon 959 35 817.

Me gler oss til ein ny haust – både på klinikken og på yogamatta🤍

☀️ Sommarferie hos Lindseth Kiropraktikk 🌸No nærmar sommaren seg, og det er snart tid for litt velfortent ferie.🌿 Kiropr...
25/06/2026

☀️ Sommarferie hos Lindseth Kiropraktikk 🌸

No nærmar sommaren seg, og det er snart tid for litt velfortent ferie.

🌿 Kiropraktor Pål har ferie i veke 28, 29, 30 og 31.

🌿 Kiropraktor Hilde har ferie i veke 29, 30 og 31. I desse vekene vil klinikken vere stengd.

Me er tilbake på kontoret måndag 3. august, klare til å ta imot både nye og kjende pasientar.

Det er framleis nokre ledige timar att før sommarferien. Treng du behandling før vi tek ferie, kan du enkelt bestille time via online booking på www.lindsethkiropraktikk.no.

💙 Vi ønskjer alle våre pasientar og samarbeidspartnarar ein riktig god sommar! Håpar de får mange fine augeblikk, gode opplevingar og tid til å nyte sommardagane. Vi gler oss til å sjå dykk att etter ferien! 🌼

☀️ Feriemodus med kvilepuls🌊🍦Denne veka byter kiropraktor Hilde ut jobb med sørlandsidyll, salt sjøluft og ekte kvilepul...
10/05/2026

☀️ Feriemodus med kvilepuls🌊🍦

Denne veka byter kiropraktor Hilde ut jobb med sørlandsidyll, salt sjøluft og ekte kvilepuls i Kristiansand 😎

Eg tek ei veke ferie og er tilbake på jobb måndag 18. mai.
Treng du hjelp i mellomtida? Pål held fortet og er på jobb hjå Lindseth Kiropraktikk både på Voss og Dale💪 Timebestilling ka gjerast på nettbookinga på: www.lindsethkiropraktikk.no😌

No skal dagane nytast med lave skuldre, sein morgonkaffi og sommarstemning ☀️⛵Ha ei fin veke ☀️🌸🌿

Adresse

Voss

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Lindseth Kiropraktikk legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lindseth Kiropraktikk:

Snarveier

Del