05/09/2026
🧡Endeleg fikk eg møte igjen «Siri» på kontoret! Ho foreslo i juni å vere utan oppfølging gjennom sommaren sin, for å jobbe med det som ho har øvd på ei lang stund. Dette syns eg er SÅ flott at kunden foreslår, og at vi sette dato for oppfølging no denne veka.
«Siri» har møtt på litt humpar gjennom vekene sine, sånn som kvardagslivet eller ferielivet byr på individuelt. Og eg er SÅ stolt og glad på hennar vegne, at berre no når eg skriver det, så smiler eg frå øyre til øyre! «Siri» har meistra å stoppe autopiloten ganske ofte, ho har snakka bedre til seg sjølv og ikkje minst; ved valga ho har tatt i sommar, så har ho hatt sine reflekterte svar på kvifor ho har tatt dei valga ho har gjort💙
«Siri» og eg har vore i samarbeid over tid, og det er vi enno. Når eg lyftar blikket og tenkjer attende, så har eg vore gjennom fleire situasjonar, små og større kriser saman med henne. Vi har hatt nokre vanar, eller aktivitetar, som har vore våra raude tråd gjennom halvår. Så har andre kome til, vore i appen til «Siri» den tida ho har hatt behov for å ta tak i temaet, og når ho har kjent seg tryggare, så har vi skalert ned.
Denne individuelle samtalen, oppfølginga, er eg så audmjuk over å få ta del i. Å få vere med i livet til folk, i alt frå jubelrop til bagatellar, «mini-kriser», oppleving av å vere mislukka, til sorg ~ eg føler meg så HELDIG over at folk kontaktar meg og vil ta meg med inn i ei periode av sitt liv og kvardag. Å ta tak i spekteret av tankane, følelsane og deretter det passive eller aktive som kjem som resultat, og tørre å dele ærleg med meg ~ i desse augeblikka oppstår utvikling og endring💙