21/09/2026
For ein kveld - fylt med engasjement, gode tankar og inspirasjon 👏 Helseforsking Sogn og Fjordane, takk for alt de gjer!
Forskarsnakk LIVE 26 vart avholdt 17. september på Larris Scene. Utover kvelden fekk ein servert ted talkar, pitsjar, sofaprat, musikalske innslag og sunn snacks. Ein hadde til og med høve til å kjøpe seg noko i baren ( 🤫 ).
Christian Moltu starta kvelden med å snakke om korleis ingen blir seg sjølv aleine. 🤝
Stipandiat og lege i spesialisering Stine Voll Aasen utforska spørsmålet: Gir vi rett kreftbehandling til eldre?
Jeanette Svarstad, stipendiat og spesialfysioterapaut, prata om kva hjerneslag og ein bolle med spagetti har til felles. 🍝
Cecilie Udberg-Helle, stipendiat og prosjektleiar, holdt ein pitsj om borna som forsvinn frå skulen, og Janne-Merete Torset Øien, stipendiat og forskingrådgjevar, snakka om kva som bør inngå i støtte til eigenmeistring over tid etter fedmeoperasjon.
Halvveis i programmet hadde Kvinnekoret Kvitre eit musikalsk innslag. Då var det òg tid til mingling. 🗣️
Etter pausen holdt Kaya Kvarme Jacobsen eit innlegg om korleis vi skapar tillit og tryggleik til forsking. 🛟
Stipendiat Andleeb Zahra lufta spørsmålet om pasientane verkeleg blir betre, og stipendiat og helseøkonom Lana Ki snakka om verdien av at demensforebygging startar heime. 🏡
I sofapraten fekk vi høyre Christian Moltu, Jenny Følling og Nienke De Glas diskutere kva eit forskingsmiljø i Sunnfjord betyr for lokalsamfunnet. 🛋️ 🧑🔬 Takk til Gro Rukan som leia praten.
Kvelden blei avslutta med nokre fantastiske refleksjonar frå forskingsleiar Marit Solheim. ✨
Takk til konferansierane, Janne Cecilie Øvrevold Låver og Hans Jacob Westbye, og takk til resten av gjengen bak podkasten Forskarsnakk - Cecilie Merethe Øvrebotten og Julie Hammerseth Herstad 🎙️
Sist men absolutt ikkje minst - takk til alle dykk som deltok! Sjåast igjen neste år 😘
📸: Solfure Content Studio
Helse Førde | Høgskulen på Vestlandet HVL | Norges forskningsråd