30/09/2026
Fredag 2. oktober klokka 18.00 opnar Høstsalongen og Kjell Rameckers minneutstilling i Haugesund Billedgalleri. Her kan du sjå eit utval av Rameckers kunstverk. Vel møtt
Jon Erie’s kjære onkel 👇🏼👇🏼
Kjell Rameckers (1947–2019) var målar og teiknar, fødd og busett i Haugesund. Han var sjølvlærd som kunstnar, og debuterte på Vestlandsutstillinga i 1989 og på Høstutstillinga i 1990.
Kjell Rameckers vart kjend som heimstadsmålaren som skildra smitt og smau frå Haugesund i ein klassisk, figurativ og stemningsfull stil. Arbeida til Rameckers er prega av ein medviten og presis tilnærming til form, lys og skugge. Han fotograferte eller laga skisser som førelegg for akvarellane sine, og utførte minutiøst detaljerte tolkingar av motiva.
Rameckers fotograferte helst når det var sol, for då var skyggene på sitt beste. Han arbeidde mykje med å få fram dei rette skuggeverknadene, eigenskugge og slagskugge. Som motiv føretrekte Rameckers det falleferdige – der var det mest å hente, meinte han. På jakt etter dei gode motiva var han innom dei aller fleste hagane og bakgardane på Risøy, Bakarøy og i Haugesund sentrum.
Rameckers arbeidde også mykje med titlane til bileta. Tittel og motiv hang nøye saman, og gjennom titlane fekk han formidla humoren og tvisynet sitt. Han hadde ei eiga evne til på same tid å sjå både det tragiske og det komiske, det alvorlege og det latterlege ved hendingane i menneskelivet.
Kjell Rameckers hadde fleire separatutstillingar, og stilte jamleg ut på ulike kollektivutstillingar på Haugalandet. Han fekk vist arbeida sine i Tromsø kunstforeining (1991), og fleire gonger på Vestlandsutstillinga og Høstutstillinga i Oslo. I 1994 var han årets Sildajazz-kunstnar. Rameckers vart nasjonalt kjend då han laga covermotivet til Vamp si debutplate «Godmorgen, søster» frå 1993. Han utførte illustrasjonsoppdrag og vart kjøpt inn til offentlege bygg. Kjell Rameckers er også kjøpt inn til kunstsamlinga til Haugalandmuseet fleire gonger.
Fredag 2. oktober klokka 18.00 opnar Høstsalongen og Kjell Rameckers minneutstilling i Haugesund Billedgalleri. Her kan du sjå eit utval av Rameckers kunstverk. Vel møtt