21/11/2025
I går deltok eg på første kurskveld på:
Post Før Du Tør!
med Ida Jackson og nettmaker.
Og her kjem utfordringa eg fekk i heimelekse.
om meg,
som eg trur at alle veit. 😅
❇️ Eg heiter Laila
❇️ Fødd på sommaren i 1961 i Os, Vestland
❇️ Introvert empat, med ekstroverte skills og eventyr i blodet. Livsglad.
❇️ Eg bur no i barndomsheimen igjen og det feirer eg kvar dag. Elskar fjorden min.
❇️ Stolt mor og «svigermor» til mine 3 vaksne barn og deira partnarar.
❇️ Nettopp blitt farmor til verdas finaste jente. (Pluss mormor til ein firbeint kamerat.)🐶
❇️ Driv KORU HELSETERAPI PÅ 9. året
❇️ Var dagleg leiar 21 år før det, i anna salong.
❇️ Eg arbeidde i 4,5 år på Havforskningsinstituttet sine forskningsskip på 80-tallet. Først langs kysten på Aust-Afrika for så å avslutta min karriere i Barentshavet. Mange gode minner frå den tida.
❇️ Var i ungdommen 1 drøyt år i Sveits som Au-Pair. Der stifta eg kjennskap til astrologi og at det er meir mellom himmel og jord.
Eg elsker dei frøa som vart sådd i meg der, og eg elsker det landet. 🇨🇭
❇️ Har 5 flotte år på Suitell Edvard Grieg i Bergen. Ansvar for Lobbybar og barsjef siste tida mi der. Herlige 80-tallet
❇️ I 2025 er det 3o år sidan eg starta som terapeut med mine Polynesiske behandlinger Lomi Lomi massasje og Ma-Uri Bodywork. (Hawaii og New Zealand.) Svært takksam for dei behandlingane og alt eg framleis lærer.
❇️ Eg har sidan 2015 utdanna meg som LBH-Coach, Mastercoach og har nesten like lenge fått vera mentor for mange av dei fine studentane, som har starta på den flotte LBH-reisa si. 💚Leadership By Heart💚
❇️ Eg elsker å hjelpe folk til å oppnå bedre helse, enten det er fysisk -emosjonelt - mentalt eller spirituelt.
❇️ Frekvensterapi og dybdecoaching opner opp for nye moglegheiter.
❇️ Eg holder ulike kurs i Shared Reading, Hunadans og har samtalegrupper.
❇️ Eg synger i kor og korer i band. Og synes begge deler er heilt fantastisk.
❇️ Har styreverv i Os Kulturutvikling og i Foreninga Midtskogen Vel. Liker å engasjere meg.
❇️ Fekk auka fokus på eige helse etter eit lite hjarteinfarkt våren 2023. No investerer eg i eige helse kvar dag, heilt naturleg.
❇️ Savner djupt nokre av dei som er gått ut av tida. Nokon er bare umistelege.
❇️ Hoppa fallskjerm for første gang i 2024 på Voss. Kan gjerast igjen….
❇️ Ein av mine motto. Kva meir er mogeleg?
Har du en bok du har tenkt på i ti år? Da er du på rett sted! Jeg har et legendarisk skrivekurs som heter Heksesirkel, som er åpent for påmelding to ganger i året!