03/03/2026
Då er til tilbake med reisevaksinering på helsestasjonen. Bestill time via Volda kommune si heimeside 👏👍
Reisevaksine på helsestasjonen
No kan Helsestasjonen i Volda endeleg tilby reisevaksinasjon igjen. Dette betyr at innbyggjarar som planlegg utanlandsreise kan få rettleiing og nødvendige vaksinar lokalt.
Ved reiser til enkelte land kan det vere behov for vaksine for å vere godt beskytta mot smittsame sjukdomar. Kva vaksinar du treng, kjem an på reisemål, type reise og lengda på opphaldet. Helsestasjonen tilbyr individuell vurdering og rådgiving i god tid før avreise.
Tilbyr også oppfriskingsdose kvart 10. år
I tillegg til reisevaksinar tilbyr helsestasjonen oppfriskingsdose av vaksine mot:
🔹stivkrampe
🔹kikhoste
🔹difteri
🔹polio
Dei fleste har fått desse vaksinene som barn gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Effekten av vaksinen varer likevel ikkje livet ut, og det er anbefalt å ta ei oppfriskingsdose kvart 10. år.
Ved å halde vaksinasjonsstatusen oppdatert, bidreg ein både til å beskytte seg sjølv og til å oppretthalde flokkimmunitet i befolkninga.
Bestill time digitalt eller kontakt helsestasjonen i Volda
https://www.volda.kommune.no/aktuelt/helsestasjonen-i-volda-tilbyr-reisevaksine-igjen.198134.aspx